Denne timen var eg diverre ikkje tilstades grunna eitt born i magen som ikkje alltid er lika samarbeidsvilleg. :)
Eg var alikevel inne og såg på oversikta over dagen, og såg ulike diskusjonsemner som ein skulle ta opp. Eg har då tatt for meg dei på eige hand, som ein slags eigen refleksjon får ein vel sei då.
Fyrst tar eg for meg opplevelsar og erfaringar i praksis. Kva har vore det viktigaste å ta med seg vidare for kvar enkelt?
Dette har eg jo nevnt litt om tidlegare, etter refleksjonen. Men kommunikasjon har vore eitt tema som eg har hengt meg opp i, og som eg ser viktigheten av, då med tanke på god kommunikasjon. Eg har og sett at eg syntes det er svært lærerikt å bli enda betre kjend med kvar enkeltelev. Då er det mykje lettare å tilpassa læringa til den eleven du skal hjelpa, når du veit litt om blandt anna forutsetningane til akkurat den eleven.
Deretter skulle vi ta for oss kva for teoriar som har forma den enkeltes ped.praksis, og korleis dette evt. har bidratt til å forme eget pedagogisk grunnsyn?
Eg ser då at eg har heile tida hangla mellom Piaget sin konstruktivisme (der en bygger opp eiga og unik læring, og er aktiv i eiga læring) og Vygotsky sin sosiokulturelle teori (der læringa skjer i samhandling sosialt, og ved å gjere ting aleine eller saman med andre/learning by doing)
Eg føler at begge deler er viktig idag. Ein kan ikkje velje enten eller. Born må både lære seg å arbeide og å lære på eiga hand, men og i samhandling med andre. Så slik eg ser det, har begge positive sider ved seg! Det såg eg og i praksis. Born er ulike. Nokre lærer best og likar best å arbeide for seg sjølv, medan andre har stort utbytte av samarbeid med både medelevar og få hjelp av den meir kompetente andre. Men uansett kva dei likar best, så har begge gruppene utbytte av og god læring av å gjere begge deler.

0 kommentarer:
Legg inn en kommentar