Då var omsider to år med blogg og pedagogikk faget nesten i boks! No gjenstår berre sjølve refleksjonsnotatet og eksamenen!
Det har vore to lærerike år, der ein har fått inn masse ny kunnskap og fått ein del nye problemstillingar å bryna seg på. Bloggen har for mange vore ein god måte å reflektera på etter endt forelesning.
Men det er ikkje alltid ein er i humør til å reflektera så djupt over alt mogleg, men reflektera måtte ein pga blogging. Ein reflekterer alltid mykje gjenom timane, og pedagogikk timane var og ofte ein diskusjons-arena der vi kunne diskutere alt mogleg.
Eg kunne sjølv tenkt meg litt færre obligatoriske blogg-innlegg slik at ein sjølv kunne velge ut kva for forelesningar ein verkeleg ville gå i dybden på og ta ein grundig refleksjon, kanskje heller det en fleire korte refleksjonar.
Men klart, vi er nok alle ulike, og eg veit at fleire i klassen syntes blogginga var ein god måte å lære på og repetere stoffet og fordøye det i ettertid!
Alt i alt er blogging ein flott repetisjons- og refleksjonarena, men til tider kunne det bli litt for mykje med femten innlegg og svar til medstudentar.
Eg syntes pedagogikk-faget er svært interessant og gledar meg til å få ytterligare knaggar å henge kunnskapen som eg har lært i løpet av dei to siste åra på!
Ønsker med dette alle medelevar og foreleserar ein god vår og sommar!

0 kommentarer:
Legg inn en kommentar