trafikkurs og sykkeldag

Tysdag og onsdag 16.april hadde vi trafikkurs og sykkeldag på Hsh.
På tysdagen hadde vi trafikkurs og organisering av postar til elevane som skulle ha sykkeldag dagen etterpå. Eg og Monica fekk vera på samme gruppe, så då vart dagen vår redda.
Vi lagde ein post med tema "sykkelferdighet og fart". Der skulle elevane svare på to spørsmål:
- Kva utstyr er påbudt å ha på ein sykkel idag? (bremser bak og framme, refleks bak, framme og på trøene,og lys bak og framme)
- Kva er fartsgrensa for syklistar? (her fekk vi mange morsomme svar, som 10 km/t, 80 km/t osv. Rett svar er at syklistar må forhalde seg til same fartsgrense som bilistane)
Deretter hadde vi lage ei slalom-løype med fire flasker, elevane skulle sykle slalom der for å vise at dei beherska svinging og tilpassing av fart. Deretter skulle dei setje opp farta og stoppe ved to kjegler. Framhjulet skulle ikkje passere streken med kjeglene.
Elevane klarte seg veldig godt, og var entusiastiske. Vi var og så heldige at vi hadde nydeleg ver, så det var ei fin stund utandørs!

0 kommentarer: