kjønnsroller i skulen, disposisjon

Eg og Silje er på gruppa saman og skal difor lage disposisjon til pensum om temaet: kjønnsroller i skulen.
Vi har arbeida med det ei stund no, og finn det vanskeleg å korte alt ned til to sider. Sjølve temaet er spanande. Og eg kjenner igjen mykje av det som står, om at gutar krev meir oppmerksomhet enn jentene. Men samstundes er det viktig å hugse på at kvar elev er forskjellig, og heller ingen klasse er lik. I nokre klasser dominerer gutane, medan i andre klasser dominerer jentene.
Som lærar så må ein berre prøve best mogleg å sjå alle, og fordele oppmerksemda på samtlege. Som lærar så kan ein ofte føle at ein ikkje strekker til, og ikkje har tid og krefter nok til å rekke over alle i klassen og gje dei den oppmerksemda dei fortener. Dette er klart ein balansegong, som til tider kan vera vanskeleg.
Og noko som går igjen er ofte tanken bak en patriarkalsk samfunnsorden, der far har det primære ansvar for familiens velferd. Menn har generelt hovudansvaret.
Denne tanken burde vore nokså gravlagd her i Noreg no, eller iallefall satt til side. I vårt samfunn er det no like vanleg at kvinnene har ansvaret for husholdninga som mannen. Alenemødre er ikkje akkurat ein sjeldenhet lenger. Då er det mødrene som har alt ansvar for husholdninga, og ikjke mannen, som før i tida.
Likestillinga står og så sterkt i Noreg idag, både i skule og arbeid. Dette går igjen, blandt anna i kunnskapsløftet:

I kunnskapsløftet står det at: Uavhengig av kjønn, alder, sosial, geografisk, kulturell eller språklig bakgrunn skal alle elever ha like gode muligheter til å utvikle seg gjennom arbeidet med fagene i et inkluderende læringsmiljø. (Udir)

Likestilling er altså lovpålagd skulane idag. ein skal ikkje forskjellsbehandle, men alikevel ser ein at det skjer, igjen og igjen.

0 kommentarer: