I denne pedagogikk-timen tok vi føre oss den velkjende likestillinga. Vi såg den i ulike lys, både blandt lærarar(vaksne) og elevar.
Utgongspunktet til dei fleste lærarar idag bør jo verkeleg vera at alle er like mykje verdt, og bør stilles på lik linje med kvarandre. Samstundes så skal ein også hugse på at vi er ulike. Det irriterer meg at alltid jenter og gutar skal behandlast likt! Eg vil at vi skla ha samme utgangspunktet såklart, og samme mulighetane. Men eg vil gjerne bli behandla som ei jenta, og eg vil og ta i bruk ulik behandling av mine gutte- og jente-elevar sålenge eg er lærar. Fordi dei er ulike og har ulike behov. Men sjølvsagt, skal det ikkje vere kjønnet som utgjer korleis eg behandlar dei, det vil vere personligheten til eleven som vil gå til grunn for korleis eg vil handtere dei.
Eg seier ikkje at det vil vere ein tydeleg forskjell, men mi erfaring som lærar hittil, har iallefall vore at jentene er ofte meir sårbare og har meir behov for "nærkontakt" enn gutane. Jentene i småskulen spesielt vil ofte sitje på eitt fang og ha eit lite stryk på kinnet oftare enn gutane. Samstundes så er det viktig å vise mjuke sider til gutane og. Men dei vil ofte vere litt tøffare, og syntes kanskje det vert direkte pinleg dersom dei kjem grinande etter eitt fall i gymtimen foreks. og dersom eg då behandler dei likt som eg kanskje ville gjort med ei jente. Tørka bort tårene, strykt dei på kinnet eller latt dei sitje i fanget som trøyst.
Eg kan og ofte prate til gutane på ein annan måte enn til jentene i timane. Gutane kan ofte vere litt meir grense-testande enn jentene, noko som ofte gjer at dei må behandlast ulikt.
Denne forskjellen mellom gutar og jenter syntes eg berre er flott. Vi er ikkje like, vi er alle forskjellige og bør difor behandlast som enkelt-individ!
Vil og tilføye til dei som hittil har meddelt meg (studievenner ol) at dei er imot nærkontakt i skulen, dvs at dei vil ikkje la borna sitje på fang, stryke dei på kinnet osv. - At eg er heilt for det, spesielt på småskuletrinnet. Der er det born vi møter, og dei treng nærleik og omsorg. Ein skal sjølvsagt passe på kor grensene går! Men sjølv så har eg fått nærare kontakt med mine elevar, rett og slett fordi eg tar meg tid til å lytta og heller la dei krypa opp i fanget ein gong iblant.

0 kommentarer:
Legg inn en kommentar