Vi hadde idag undervisning om ungdomsalder, der vi tok for oss dei typiske fasane en går gjennom og korleis det ville vore dersom dei unge fekk bestemma vilkåra for skuledagen.
Eg satt igjen og lurte på korleis det verkeleg ville vore dersom ungdommen fekk bestemma. ungdomsalder er langt frå vaksenlivet, der ein innser at handlingar får konsekvensar og at ein går gjennom utdanning av ein grunn, til eiget beste. Klart ungdommen ikkje opplever det slik. Dei er unge og MÅ gå, det skjer ikkje nødvendigvis frivillig. Men samstundes så er det dei tar til seg av læring når dei er på skulen, eit eiget ansvar. Og dei fleste i den alderen vil bruka tida si til noko nyttig, og har glede av å læra.
Så kanskje dei ikkje burde fått bestemme alt, men iallefall få delta i avgjersla om korleis dei vil lære, og korleis skuledagen skal leggjast opp. Det er tross alt dei som skal få utbytte av den, og dei som går gjennom skulekvardagen. Dei sit kanskje med rett svar på korleis dei lærer best mogleg...?

1 kommentarer:
Hei.
Jeg er enig i det du forteller her. Det er de unge som skal lære og det er de som vet hvordan de lærer best mulig. Dette er viktig at læreren tar hensyn til og er villig til å la elevene få være med på å få bestemme hvordan undervisningene skal legges opp. På denne måten blir det også enklere for læreren å legge oppp undervisningen på best mulig måte slik at alle elevene kan få utbytte av den.
Helle :)
Legg inn en kommentar