Lærdom og innsikt i praksis
Denne praksisperioden har vore lang har eg følt. Sikkert fordi eg har vore sliten i utgangspunktet. Men samtidig så føler eg at eg har lært ein del og fått med meg masse. I denne perioden, som i fjor, så har eg sett verdien av godt førebudde timar. Kor utrulig mykje meir ein får utav timar dersom ein er førebudd og kan bruke tida på best mogleg måte. Men eg ser og at på småtrinnet så må ein vere open for å gjere litt forandringar undervegs. Ein veit aldri korleis borna vil reagere på opplegget du har laga, om dei skjønnar kva du vil, eller om ein må legge det fram på ein ny måte undervegs. Men og dette med å ta seg tid til elevane. Sjå dei, la alle få respons i løpet av dagen. Hugsa på kor unge dei er, dei er berre born. Dei trenger masse omsorg og oppmuntring heile vegen. Ein kan ikkje holde tilbake på det når ein arbeider som lærar i småskulen. For min del er iallefall eit nært forhald til elevane viktig.
Eg føler og eg har lært mykje meir om borna i småskulen. Kva som kjenneteiknar born i den alderen, kva trenger dei, kva er viktig å hugse på, korleis lærer dei best osv. Viktig å vite litt om den målgruppa du skal nå. ar foreksempel sett viktigheten av leik som læring. Kor mykje meir borna kan læra når det gjeres i ein setting der leik er involvert. Læring skal tross alt vera gøy. Føler og eg har grunnlag for at neste praksisperiode skal gå unna på ein betre måte no, ettersom eg har meir å henga på "knaggane" mine etter denne perioden.
Forbetring til neste praksisperiode
Neste periode vil eg prøve å verta enda flinkare igjen til å vera førebudd, gjera alt klart. Ha dagen som kjem klart føre meg, kva skjer, når og korleis. Eg vil og prøva å vera litt meir tålmodig når det kjem til møtesekvensane. Ikkje vera så rastlaus og stressa så mykje med alt mulig. Dersom eg klarer å førebu meg betre, så vil eg og finne meir roen innvendig, for meg er det nokså viktig. Og planlegging er faktisk ein absolutt nødvendighet når ein har såpass stram timeplan som eg har hatt dei siste vekene. Eg vil og snakke meir med kontaktlærarane mine om forventningar dei har til meg osv. slik at eg ikkje kjem skeivt ut, som denne gongen. Vil gjerne innfri dei forventningane som vert sett til meg. Og vil iallefall gjere så godt eg kan, og gjere det beste utav kvar praksis.

3 kommentarer:
Heihei! Verkar som om du har lært ein heil masse denne praksisperioden, både om eigne mål og forventingar, og om dei minste på skulen. Eg synes du har eit kjempegodt poeng når du skriv at det er viktig å kjenne og å forstå målgruppa vår, dei me undervisar, me må jo forstå korleis dei tenkjer og er, kva stadier dei befinn seg på. Veldig gode refleksjonar rundt din eigen innsats i praksis synest eg:-)
Helsing frå Maria.
takk takk navnesøster:)
fekk omsider opna bloggen te dine kommentarar:)
takk takk navnesøster:)
fekk omsider opna bloggen te dine kommentarar:)
Legg inn en kommentar