Pedagogikk veke 45

Idag har vi hatt oppsummering av praksis. Vi har gått gjennom ulike punkt, som organisering av dagane, refleksjonar over eigen utvikling, også gjekk vi gjennom ein artikkel om bornehage og skule.
Det slo meg at eg eg ikkje var einsam om å føle at praksisen hadde vore tøff denne gongen, det var ein lettelse, då eg ei stund følte at det berre var eg som følte meg tom for idear og sliten. Det var og merkelig å høyre kor likt opplegg vi hadde, sjølv om vi var på ulike klassetrinn og ulike skular.
Alle hadde det vanlege, morgonsamling i krok, synging og leiking om ein annan kvar dag.
Når det kjem til eigen utvikling, så trur eg alle har fått ting meir på plass, diamanten går av seg sjølv no, og ein veit kva som vert forventa av ein. Planlegging av kvar dag i god tid var og noke som stod i fokus. Dette å vere førebudd, og ha alt klart for seg.
Verkar som dei andre i klassen og har hatt fin periode i praksis, litt tøff, men lærerik, i den form at dei har fått enda fleire knaggar å henge informasjonen som ein mottar på.

1 kommentarer:

Maria_86 sa...

Hei! Eg er heilt enig i at det var greitt å høyra andre sine opplevingar av praksis, at ikkje alle alltid har hatt det "perfekt", me har vel alle dagar då me kjenner oss skikkeleg utslitte og lite kreative. Kjekt å få samanlikne med dykk frå Sagvåg, og det er jo litt spanande å sjå at opplegga til tider er ganske like, sjølv om dei to praksisskulane verkar veldig forskjellige! Verkar som om du har lært mykje av praksis, og at me kanskje har litt same oppleving, at det var lærerikt men òg slitsamt.
Stå på vidare!
Helsing frå Maria A.S.