GLSM-gjennomføringa!




Då har vi gjennomført opplegget vårt... vi skulle observera kva for telje- og rekne strategiar borna på 2.steget tok i bruk under butikkleik.
Vi hadde planlagt alt godt på forhand, og for ut til Sagvågen på fredagen for å gjere alt klart. På måndagen var det bare å setje opp butikken og vente på fyrste gruppa. I løpet av dei tre dagane hadde vi fem grupper inne, og gjor mange interessanne observasjonar. Det var kjekt å få tatt ein observasjon så tett på den eleven som ein hadde "ansvar" for. Vi fulgde kvar vår elev gjennom ein heil skuletime, og fekk verkeleg eit overblikk korleis det stod til med strategibruken. Idag har vi satt oss saman og prøvd å få eitt overblikk over observasjonane, slik at vi kan føra det inn i teorien og sjølve oppgåva.
Det var kjekt å få kombinert deltakande observasjon med laupande protokollføring. Eine gruppa så var eg med på deltakande observasjon, og på andre gruppa sat eg på sidelinja og skreiv laupande protokoll. Synes det er fint med enda meir øving på ulike observasjonsmetodar, og få prøvd dei ut i praksis. Blir spanande å få sjå korleis oppgava vår ender opp. Føler vi har gjort mange og gode observasjonar.

1 kommentarer:

Maria_86 sa...

Heisann! Spanande å sjå kva de har drive med i denna GLSM periode, verkar som eit spanande og kjekt tema de har vald! Kjekt å sjå bilete frå aktivitetane! Eg trur det er veldig bra å få trena seg på ulike typar observasjon, og ulike måtar å forska på. Lukke til med fullføringa av oppgåva!
Helsing frå Maria:)