Då var vi godt igong med GLSM oppgåva vår... puh!
Var litt overveldande heila oppgåva til å starta med, men etter å ha fått litt orden i sakene har vi no fått grei oversikt. Vi valgde problemstillinga:
Kva strategiar bruker/kan born på 2.steget bruke i butikkleik?
Utifrå dette har vi satt oss ned og prøvd å funnet ut ein god måte å jobbe med dette temaet på. Vi har hatt veiledning både med Andreas og Torill no, og dei fekk vi veldig mykje bra idear av. Veldig greitt å ta imot den hjelpa ein kan få av veilederane, difor har vi satt oss opp på mest mogleg veiledning framover:) På dei veiledningsmøta fekk vi og hjelp til å vite kvar vi kunne leite etter pensum, det var veldig greitt, så slepp ein å leite gjennom kvar og ei bok ifrå ende til annen. Vi fann ut for vår del av vi burde dra inn nokre av fylgjande moment:
- Bornas abstraksjonsnivå, konkretiseringsmiddel, Hjelpe borna å danne egne bilete.
- Aktiv handlind, læring gjennom aktivitet, her vil vi då dra inn Dewey (learning by doing)
- Vi skal og hjelpe borna undervegs, altså vere den kompetente 2. (Vygotsky) her kan vi og dra inn Jerome Bruner sitt stillas.
- Når det kommer til den matematiske teorien, så vil vi dra inn Snorre A. Ostad sine artiklar.
Han har blandt anna skrevet om samanhengen mellom få og dårlege reknestrategiar og matematikkvansklighetar.
Det er jo noko som vi syntes er aktuelt, iallefall i forhold til vår problemstilling. Eg føler generelt at vi ligger godt an, og gleder meg til å ta fatt på oppgåva, og observere borna. Blir spanande å sjå kva slags strategiar dei tar i bruk, og læringa gjennom leik. Trur det kan komme godt fram via dette prosjektet her.

1 kommentarer:
Heisann! Bra å høyre at de har komme igong med GLSM prosjektet, trur nok det var mange som tykkte det var litt overveldande og skummelt først, men det ordna seg etter litt rettleiing. Syns det var ei interessant problemstilling de har vald, håpar de finn ut mykje spanande! Lukke til vidare med dette GLSM prosjektet, eg trur det kjem til å gå kjempebra:)
Helsing frå Maria A. S:)
Legg inn en kommentar