konklusjon over eigen læring GLSM-prosjektet

Refleksjon over eigen læring i prosjektet:

Då vi byrja med sjølve oppgåva, så følte eg at eg såg innover ein tunnel utan opning. Oppgåva verka så omfattande, og eg ante liksom ikkje kvar vi skulle byrja. Heldigvis var Jenny allereie bestemt, og hadde funnet ein artikkel som vi andre og fatta interesse for. Artikkelen er den som vi har omtalt i oppgåva vår, Snorre A. Ostad sin artikkel om reknestrategiar og samanhengen med matematikkvanskar. Etterkvart som vi tok tak i artikkelen, så fann vi fort ut at vi burde lesa meir om reknestrategiar. Men og om andre menneske rundt pedagogikken, korleis born lærer best osv. vi tok spesielt tak i Vygotsky, og var innanfor saker som 1. og 2. ordens språk, den kompetente andre og den proksimale utviklingssona. Vi var og innom Jerome Bruner sitt stillas, då vi følte dette stoffet var gjeldande for vår problemstilling.
Det eg har lært mest om under dette prosjektarbeidet, er reknestrategiar, og nytta av å kunne fleire. Eg føler eg har blitt meir bevisst på kor mykje matematikk det faktisk er i barnet, og kor mange metodar ein kan ta i bruk. Eg ser og nytta av å kjenna sine elevar, for å veta kva metodar som passar dei best. Når det kom til stoffet til Vygotsky og Bruner, så følte eg at dette kunne eg frå før, ettersom vi hadde det i fjor, men det var kjekt å sjå det i lys av matematikkundervisning.

Når det kjem til sjølve samarbeidet vårt, så var nok ikkje det av den beste sorten diverre, men vi tok oss sjølv i nakken på slutten, og følte vi kom greitt i mål. Eg er særskild glad for at vi har kontaktlærarar som støtter opp og gjer veiledning og råd undervegs, når det er behov for det. Dei er god støtte i tunge oppgåve- og eksamenstider!! :)



1 kommentarer:

Maria_86 sa...

Heisann! Tykkjer det er gode refleksjonar du har gjort rundt dette GLSM prosjektet Maria! Trur det var mange som følte at det gjekk litt trått i byjinga, at det var vanskeleg å komme igong. Dumt at ikkje gruppearbeidet var heilt på topp, men veldig bra at du ser på det som noko ein kan jobba med:) Eg trur og håpar at ting vil bli lettare for oss alle i den neste glsm peridoen, fordi då vert det mindre skriving. Ellers verkar det som om du har lært ein god del av dette prosjektet, og det er jo noko av det aller viktigaste! Stå på vidare, snart er det julaferie:)

Klem frå Maria A.S.