.jpg)
.jpg)
.jpg)
Eg er litt seint ute med bileter og diverse. Men følte vi måtte få med litt bileter frå den fantastiske utedagen vi hadde i veke 43 og.
Vi byrja dagen med morgensamling på benkane i skogen. Der hadde vi både eventyrstund og lærte elevane å setja poteter i ei bytte.
Deretter delte vi elevane opp i grupper og hadde oppgåver. Elevane fekk matematiske oppgåver, som gjekk på sortering av ulike ting og lengder, teljing ol. Dei skulle blandt anna finne 48 kongler, og sortere fem ting dei fant i skogen etter kortast til lengst.
Her ser du elevane har funnet ett langt strå, ein stein, ein papirbete, ei lita grein og eitt blad. Alt nøye sortert etter lengst til kortast.
Medan det heile pågikk så kokte vi betasuppe, dette hang i tråd med temaet som vi hadde forrige veker om matplanter.(Kolrabi,poteter, guløtter osv) Det var ungane som hadde hjulpet til å delt opp grønnsakene dagen før, så det koste vi oss med på slutten av turdagen, og det var så godt at alt vart oppspist. Heilt til slutt hadde vi litt sangleikar og nok ei eventyrstund med meg som forteljar igjen.
Vi storkoste oss, og fekk denne dagen gjort masse praktiske ting gjennom leik, medan vi fekk frisk luft. Fantastisk dag i sola!
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)

2 kommentarer:
Hei!
Såg veldig kjekt ut med utedag, fint med bilete som visar kva de gjorde:)
Me gjorde òg noko liknande i praksis, me samla korte og lange ting, og ting som var omlag ein meter, tunge og lette ting, og så var me dessutan ute og sorterte ting elevane sjølv samla. Veldig kjekt og spanande, matematikk er eit fag som er greitt å ta med seg ut, for då blir det jo straks mykje meir spanande enn å berre rekna i ei bok. Lurt med betasuppe i samsvar med det de hadde jobba med!
-Maria-
Heisann heisann Maria :)
Der va jammen meg kommentarlinken på plass :D supert ;)
Det såg ut som ein kjempekoselig dag. På bileta såg det vertfall ut som om elevane storkoste seg. Fint at du har lagt ut bilete :)
Klem fra Helle :)
Legg inn en kommentar