Min siste blogg for i år, og ferdig med GLSM!!


Læring i GLSM prosjekt 2!
Vi valgde denne problemstillinga:
Blyant eller tastatur- kva skal ein velje i byrjaropplæringa?

Målet vårt med denne oppgåva, er å finne ut kva framgangsmåte elevane lærer best av i byrjaropplæringa, bruk av tastatur ved data eller skriving med blyant i bok?

Når det kjem til eiga læring gjennom dette prosjektet, så føler eg at eg har lært ein del nytt, men og fått oppfriska tidlegare kunnskap rundt dette med lese- og skriveopplæring. Synes det var interessant å sjå kor viktig det er å tenkja over val av metodar i byrjaropplæringa. Men og kor viktig da faktisk er å variera bruken av metodar. Dette at elevane lærer betre av å skrive på tastatur fordi dei bokstavane er like dei som dei les i bøker var ein oppvekkjar. Fyrst då skjønte eg kvifor tastatur faktisk kunne vera betre enn bruken av blyant. Sjølv har eg alltid tenkt at blyant og skriftforminga har vore viktig. Då med tanke på at ein har det i motorikken på denne måten ved hjelp av handrørslene. Synes og at observasjonsmetodar er nokså innprenta no. Fint å kunne litt om dei metodane, slik at ein kan gjere bevisste val i framtida når ein skal ta føre seg andre forskingsoppgåver. Men eg fekk og betre satt meg inn i Atkinson sin prestasjonsmodell. Syntes denne var enkel og grei å forstå. Dette med at ein må prøve å treffe eleven og motivere han slik at han strekkjer seg mot oppgåva, og ikkje vekk frå oppgåva.

Ellers så er bloggen ferdig for i år, eg har vurdert Rune Vidar sin blogg. Føler eg kunne tatt meg betre tid til å gje han god respons, til tider vart det litt hastverksarbeid. Ellers kunne eg gjerne tenkt meg tilbakemld om innlegga mine rundt GLSM-perioden. Syntes denne perioden har vært tøff, og er svært glad for at vi er ferdig!

På slutten så vil eg nytta høvet og ynskja alle ei GOD JUL! :)




1 kommentarer:

Christin sa...

Hei Maria.
Høres ut som et spennende prosjekt dere har valgt dere ut. Jeg har alltid lurt på akkurat dette med hva som er best av blyant og tastatur. Jeg er egentlig litt imot for mye bruk av data i smaskolen så det blir veldig spennende å få høre hva dere har funnet ut om dette!
Lykke til med fremføring av oppgaven.