Punktmetodikk 29.oktober 2007
Denne gangen var det born og matematikk som stod i fokus under punktmetodikkmøtet.
Dei snakka ein del om spredningen når det kjem til modenhet på borna som nettop er begynt på skulen. Spredningen i utviklinga til borna kan ligge på mellom 3-4 år. Berre det at det kan vera så stort sprik mellom to elevar som går i samme klasse, er med på å understreke viktigheten av tilpassa opplæring. Vi kan ikkje legge opp samme lekse, og oppgåver til ein elev som kanskje har modenhet som ein femåring, medan ein medelev har modenhet som ein åtteåring.
Det vart og sagt litt om behovet for konkret i denne alderen. Dei hugsar mykje betre dersom dei får bilder eller praktiske ting å forhalde seg til. For å få nye impulsar til variasjon i undervisninga og «leikande oppgåver» så er det veldig lurt å ta i bruk lærarrettleiinga. Der står det mange nyttige tips til oppgåver til kvart tema.
Vi veit jo at matematikk er eit redskapsfag, vi må kunna da i dagleglivet. Matematiske evner er redskap som vi bruker heile tida. Men det er og viktig å prøve å gjere matematikken gøy. Slik at elevane likar å arbeide med det og får eit positivt forhold til faget. Dersom borna synes det er kjekt, aukar og lærelysta og dei kan lære enda meir enn om motivasjonen ikkje er tilstades. Lærarane var innom Lena Hostrøms metode (som igjen bygger på Dunn and Dunns metode) om dei ulike læringsmetodane, og korleis alle barn tar opp læring på ulike måtar. Nokre lærer best ved å ta og kjenne på tinga, nokre lærar best ved lytting medan for andre er det visuelle det viktigaste. Dette er igjen med på å understreke tiplassa opplæring for enkelteleven. Men og kor viktig det er å kjenne elevane sine, prøve å forske litt på korleis kvar elev lærar best, slik at du som lærar kan få fram det beste i eleven.
Vi fekk sjå ulike stasjonar, med ulike hjelpemidlar som ein kan ta i bruk i matematikkundervisninga. Vi fekk sjå ting som: Java leikene (Ein bygger firkantar, kuber, trekantar osv), ringspel, måling med målband, tippa vekt på ting osv., Brøkleikar( dei setter opp ein brøk, 2/1= 2 stykker skal bli til 1, då må dei foreksempel løfte kvarandre, osv) Opne oppgåver (har fleire løysningar som er rett) mattespel som yatzy og andre terningspel der ein må telja, hoppetala, bruk av leikepengar (feks. Leika butikk), billedlotto og bruk av klokka til dømes. Eg synes desse stasjonane var veldig kjekke å få sjå, og fungerer godt som idebankar. I og med at vi er studentar, så har ikkje vi så god kunnskap rundt kva hjelpemidlar skulane vanlegvis har. Men her har dei funnet mange forskjellige ting som dei fleste skular har idag, eller som ein kan lage sjølv på eigehånd. Så dette var nok ein lærerik punktmetodikk-økt der ein kunne få nye idear, og litt betre forståelse for kvifor ein legg opp undervisninga som ein gjer ved dei forskjellige skulane.

0 kommentarer:
Legg inn en kommentar