punktmetodikk torsdag 18 okt.

Idag hadde vi litt om læring i småskulen. Ulike metodar ein kan ta i bruk, kva for hjelpemiddel ein kan ha.
Vi var innom ulike ting som:
- songleikar, rim og reglar, munnlege forteljingar
- skriftforming, byrja oppe på bokstaven, små og store bokstavar etc
- sittestillingar, ikkje rett opp og ned med beina i bakken no lenger.
- blyantgrep, bruke pinsettgrepet, øve dette inn hjå borna.
- Fronter, ta i bruk Fronter frå fyrste skuledag omtrent, gjere dei vane og kjende med det.

Ulike læringsmetodar gjennom leik:
- hoppebokstavar, magnetbokstavar, maling av bokstavar, trådbokstavar, plastelinbokstavar
- Språkspel, rimspel, samansatte ord, lytta etter språklyden
- Løko, enkle puslespel osv.

Eg synes skriftforming er viktig å ikkje gløyma idag. Dataen kjem med stormskritt, og alt skal føregå på data og ved tastaturskriving. Viktig å ikkje gløyme vanleg handskrift. At dei har dette inne og kan lett ta det i bruk. Eg trur og det er lettare for ungane å hugsa det dei skriv for hand, når dei undervegs må forma kvar bokstav, lima dei saman til eitt ord osv. enn å berre tasta det inn på dataen og printa da ut.
Variasjon er og viktig, vi har mange forskjellige hjelpemidlar i skulen, berre viktig å komme på å ta dei i bruk. Løko er fortsatt etter så mange år, veldig god til hjelp i både norsk og matematikk.
At borna kan leika seg, og læra samtidig som dei leiker seg, er jo den beste måten å gjera det på.
Synes og det er av stor fordel at ein tar seg ti til å prate med borna, forklare og la dei komme med spørsmål. Ta seg tid til borna rett og slett.

1 kommentarer:

Maria_86 sa...

Hei igjen!
Fint innlegg, spesielt dette du tek opp om skriftforming og handskrift. Eg høyrer sjølv til den gruppa som skriv veldig stygt, ei slags krokete blanding av løkkeskrift og trykte bokstavar. Men etter at me hadde hatt punktmetodikk om dette, fekk eg eit mykje meir positivt bilete av løkkeskrift, og det å byrja tidleg i skriveopplæringa med dette. Eg er dessutan enig i at det er viktig å læra seg ei god handskrift fordi om me har dataen til hjelp. Ein treng opplæring i begge deler, det er iallefall mi meining.
- Maria -