Om forskningsmetodar

Diverre fekk eg ikkje med meg denne forelesninga heller, men her og tok eg eigne notat og sendte ei oppgåve til læraren min. Vi prata her om kva som definerte eitt strukturert intervju og eit ustrukturert. Skilnaden på kvalitativ og kvantitative forskningsmetodar osv. Kvalitativ går meir inn under huden og blir personleg, medan kvantitativ metodar er harde data, basert på tall og system, ein trenger heller ikkje ha nærkontakt med intervjuobjektet under ein slik metode. Kan lett føregå over telefon eller data foreks. Ikkje nødvendigvis face to face.
Eg fann i ettertid dette svært nyttig, og er glad for at eg fekk den oppgåva. Korleis ein best mogleg kan førebu seg på eitt intervju er jo kjempeviktig. Dette ved å ta i bruk testperson for å sjekke om intervjuet held standard. Men og dette ved å sile ut rett informasjon, å finne ut kva for informasjon ein vil eigentleg få tak i. Og berre dette med å gjere intervjusituasjonen mest mogleg naturleg og at ein dermed frå inn ein fin flyt i samtalen i intervjuet. No vonar eg at eg får med meg neste forelesning istadenfor.

0 kommentarer: