Punktmetodikk onsdag 12.sept

Gjennom denne punktmetodikken, så hadde vi om fylgjande:
- Kven er 6-8 åringen? Typisk trekk på dei yngste i skulen
- Samarbeidet mellom skule og bornehage.
- Kunnskapsløftet
- Utviklinga når det kommer til leik

Dei prata ein heil del om kjenneteikna for dei yngste i skulen. Vi var då innom alt ifrå, lopper i blodet, usikkerheten når dei ankommer, kor viktig da er at dei kjenner seg trygge i skulemiljøet, typisk for 6-7 åringen at dei går tilbake ett steg motorisk, er i ein vekse-periode, kan fort få vanskeligheiter med motorikken, snuble i eigne bein etc.
det var viktig å få fram samarbeidet mellom skule og bornehage.
Integreringa frå bornehagen og over til skulen skal gå enklast mogleg for borna. Allereie i bornehagen vert det no såvidt innført litt bokstavtrening og taltrening i form av leik etc. Borna får og komme på vitjing på skulen og sjå seg rundt, leike litt. Dersom bornehagen og skulen ligg i nærleiken av kvarandre, kan det og vera aktuelt å legg opp til leik, utedagar osv for dei eldste i bornehagen og dei yngste i skulen. Dette for at borna skal læra kvarandre å kjenna.
Dette synes eg er viktig. ge hugsar sjølv tilbake på tida då ein omtrent vart kasta frå bornehagen og over i skulesystemet. Ein gjekk rett ifrå leik og morro til bokstavtrening, måtte halda roen heile tida, og følgje planane som vart satt opp. For meg som hadde vedlig med lopper i blod fann eg dettte vanskeleg. Eg har og etter samatale med klassekameratar, skjønt at mange var redde for å byrja på skulen, og synes det heile var veldig skummelt. Det tok lang tid før dei følte seg trygge og gledde seg til å gå på skulen.
Trur difor det er viktig at skulen ikkje er eit ukjend område for dei når dei ankommer, slik at overgangen går for seg på lettast måte for borna.
Kunnskapsløftet har og lovpålagt at borna skal integrerast i skulen, at dei som treng spesial hjelp, skal få dette, og her er det då kjempviktig at bornehagen og skulen har eit tett samarbeid. Bornehageassistentene kjenner bornet som ev treng assistent frå før, og veit kva behov bornet har.
Samarbeid på tvers av system og institusjonar er ein absolutt nødvendighet i skulen idag.

0 kommentarer: