Punktpraksis onsdag 20.februar
tema: planlegging for overtakelsespraksis
Samtlege av studentane ved Sagvåg møttes denne dagen for å få informasjon rundt overtakelsespraksisen. Fyrst hadde vi møte alle saman for å få generell informasjon rundt bygget og val av rektor og liknande. Deretter fekk vi vite kven som skulle vera kor. Vi studentar vart fordelt på klassane. Ettersom vi er 13 studentar her, vart alle 2 på kvar klasse, utanom 1. Den eine vart meg, eg vart aleine i 5. klasse. Etterpå gjekk vi med dei lærarane som vi skulle overta for. Då fekk vi stille alle dei spørsmåla vi eventuelt sat med og dei kom med relevant informasjon om elevane og faga. Blandt anna litt om kvar elev personlighetsmessig, om det var noke utanom det vanlege som vi måtte ta hensyn til osv. Deretter gikk vi gjennom faga, eg fekk vite kva kapittel dei var komen til, slik at eg kunne fortsette der dei slapp. Alt var ryddig og greitt, fint å få oversikta, slik at ein kunne byrje planlegginga på eigehand.

0 kommentarer:
Legg inn en kommentar