Snart ferdig i praksis!

Då er vi på vår siste veke i praksis, og hipp hurra for det!!
Det er såklart koslig å vera i praksis, og god erfaring, men no er eg sliten og lengter etter påskeferie!
Eg skal legge ut noken bilder frå karnevalet her, det var absolutt en suksess! elevane storkoste seg, og det gjor vi vaksne og!
Eg skreiv mail til Sunnhordland, slik at dei skulle komme å ta bilete av elevane, men istaden dukka dei opp med videokamera. resultatet ser dåke her:
http://www.sunnhordland.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20080306/TVNYHEDER/754760709&menu=siste

Ellers så har vekene rast avgårde denne gongen, vi har alle hatt det travelt, og møtene har vore hyppige, så det har blitt mykje heimearbeid og. Eg merkar det jo ekstra godt no når eg har ein til å forhalde meg til. Blir mykje fortare sliten enn vanlegvis. Men skal nok gå fint. Har og måtta bestemt meg kva eg skal gjere til hausten, ettersom eg skal føda i september, så vart det plutselig travelt, i tilfelle eg skulle ta fag i tillegg. No har eg no meldt meg opp på engelsk, så får vi sjå korleis det går med den lille. Iallefall ein ting mindre å tenke på!!

Føler eg har oppnådd måla mine denne gongen i praksis, og at alt har gått mykje betre no når elevane kjenner oss vaksne betre og. Skal komme tilbake til det i sluttvurderinga mi, som kjem i løpet av veka.
Eg kjem inn med referat frå punktmetodikken seinare, må skriva dei inn på maskina fyrst!

0 kommentarer: