Punktmetodikk torsdag 7..mars
Nokre av dei ulike temaene lærarane gjekk gjennom:
Krl faget generelt, endringar i fag og læreplanar, samarbeid med foreldre og korleis Sagvåg skule tok tak i læreplanen og ulike undervisningsmetodar en kunne ta i bruk ved dette faget.
Under denne punktmetodikken så fekk vi beskjed om at vi ikkje trengte å notere, då øvingslærarane ville legge ut skrivet som dykk ser ovanfor. Sjølve punktmetodikken er interessant og absolutt ett relevant tema idag. Det er ingenting som skaper meir splid og konfliktar enn religion. Dersom ein har krl-faget, er det veldig viktig å vera forståelsesfull og visa respekt ovanfor andre religionar og deira skikkar. Då eg gjekk på skulen var det ein lærar, som forkynna meir enn han gav oss læring. Vi brukte fem minuttar av timen til å be, og der han fortalde oss kva som var synd i Guds auger. Dette er nok med på å prege mitt syn på slik oppførsel idag. Eg syntes ikkje noko om det. Ein kan absolutt gi informasjon og læra andre om sin religion, men å pressa det på andre, det vert heilt feil. Heldigvis er det nye læreplanar idag, der det står svart på kvitt, at ein skal lære om samtlege religionar. Og dei gamle forkynnerane som ein fann i skulen før, er gått ut på dato, eller har tilpassa seg dagens samfunn.

0 kommentarer:
Legg inn en kommentar