Pedagogikk oppgåve- einhetsskulen

Vi har akkurat hatt innlevering av pedagogikk oppgåve, og mitt val av oppgåve falt på å ta tak i utviklinga av einskapsskulen, og utfordringa som etterkvart kom til overflata då ein skulle integrere elevar med funksjonshemningar i einskapsskulen, no kalla fellesskulen.

Eg valte å legge hovudtyngda i oppgåva mi på born med funksjonshemming i einskapsskulen då eg har diskutert dette med lærarkollegaer og medelevar tidlegare, og det viste seg at det var svært forskjellige meiningar rundt integrering av funksjonshemma elevar. Nokre meinte at integreringa går så utover dei andre elevane, og er så kostnadsmessig dyrt, at det er rett og slett ikkje verdt det. Medan andre meinte at det var uhøyrt at desse elevane skulle utestengjast frå grunnskulen, når vi omsider er komen så langt i integreringsprosessen . Eg fann det svært spennande og valde difor å gå litt meir i dybden av utfordringane rundt einskapsskulen, slik at eg etterkvart kunne danne meg ei meining ut frå eitt breiare teoretisk grunnlag. Sjølve problemstillinga mi vart ”Born med funksjonshemning - integrering eller segregering, kva gagnar elevane best?”(utdrag frå innleiinga i oppgåva mi)

No er sjølve oppgåva levert, og eg følte eg lærte utrulig mykje denne gongen. Antakligvis fordi vi denne gongen fekk velje oppgåve sjølv, og difor kunne velje noko som fanga interessa vår litt ekstra. Kjekt å arbeide med ei slik oppgåve.

0 kommentarer: