Idag snakka Torill litt om elevenes medvirkning i skulen, vi fekk og sjå noken dømer frå ein ungdomsskule i Bergen, som hadde gjennomført eitt utviklingsprosjekt der elevene fekk medverke i eiga læring ytterligare, til dømes ved eigenvurdering.
Vi såg dømer på at elevane etter nokre prøvar fekk utdelt ett ark der dei måtte fylla ut eitt skjema. Der skulle dei analysera eigen innsats, og om dei syntes karakteren var rettferdig, evt kva dei kunne gjere betre osv.
Eg trur ein slik metode er svært god. Elevane får på denne måten betre sjølvinnsikt, og kan lett sjå tilbake på kva dei burde og kunne ha gjort betre, slik at dei kan forbetre innsatsen til neste gong.
Elevane ser og kanskje lettare ved hjelp av denne metoden at dei faktisk har ansvar for eiga læring. Dei må arbeida for å oppnå resultat.
(gløymde å lagre dette innlegget sist, difor seint lagt ut)

0 kommentarer:
Legg inn en kommentar