Dagen skulle leggast opp slik at matematikk skulle visast frå ei leikande og gøyal side.
Eg, Monica og Lone lånte gymsalen denne dagen. Vi på Sagvåg delte 1.-4.trinn inn i fem grupper og hadde fem ulike "matte-stasjonar"
I gymsalen hadde vi ein leik som gjekk ut på å kaste erterisposar på blink, elevane fekk poeng for kor dei traff, og måtte skriva opp eigne poeng og rekna ut sjølv (eventuell ved hjelp). Elevane hjalp og å lage blinken. Vi brukte rokkeringar av ulike størrelsar som vi la på golvet. Den innerste og minste gav 20 poeng, den andre ytre ringen gav 10 poeng, og den ytterste ringen måtte elevane lage ved hjelp av tau (ta utgangspunkt i midtpunktet for å lage perfekt sirkel) og den gav 5 poeng. Elevane og vi koste oss, samstundes som dei fekk rekna og lært seg å lage "perfekt" sirkel.
Eg hjelper her elevane å lage "den perfekte sirkel", tatt utifrå ett midtpunkt

0 kommentarer:
Legg inn en kommentar