Overtakelsespraksisen er i gong!

Ja, då var overtakelsespraksisen i gong, og eg har ansvaret for 5.klasse.
I byrjinga syntes eg det var litt ekstra utfordring å måtte vera einaste studenten som var aleine i ein klasse. Iallefall ettersom eg ikkje har vore heilt i form i det siste. Men samstundes, så er det jo det eg har vore vant til tidlegare når eg har arbeida som vikar. Klassen er stor, men det er kjekke elevar, så det har gått fint hittil. En vert jo litt ekstra sliten og det er jo eindel stress og mykje ansvar i denne perioden, derfor hadde det klart vore kjekt å vera to om det, men eg syntes det har gått fint. Alle diamantane hadde eg tidleg klar, og fekk dei godkjend, slik at eg følte eg hadde alt under kontroll.
Det er klart ein liten overgangsperiode, der elevane testar deg ut og pusher grensene litt, men eg føler elevane no byrjer å verte betre kjend med meg, og eg med dei og. Då går alt mykje lettare.
No er halve veka alt over og på fredag er det karneval, og det gledar både vi og elevane oss masse til!

3 kommentarer:

Ragna sin hobbyblogg sa...

Hei Maria! Tenkjer det var kjekt og meir lærerrikt med overtakinga. Me skal ha overtakin i siste veke før påske- å det ser eg fram til. Å vera i praksis- på gruppe med x antall andre studentar kan vera krevjande på sin måte det og. Det å få overtakingspraksis synes eg er viktig, så kan ein få ein moglegheit til å sjå korleis det eigentleg er(sjølv om det kan vera svært slitsomt). Lykke til med dei to siste vekene.
Ragna

Monica sa...

Hei Maria.
Du var den einaste som fekk ein heil klasse aleina, og det skal du verkeleg ta til deg som ei tilitserklæring. Sjølv har eg jo vore student med deg på sjuande trinn tidlegare, der eg dekk sjå deg i "action". Du er ein person med ein utrulig egenskap til å engasjera mennesker. Du set deg godt inn i stoffet du skal undervisa i, og tilpasser det til dei du skal få budskapet fram til. I tilegg er du er du ein god omsorgsperson, som er flink til å ta deg tid til å kjenna den enkelte elev. Så eg vart ikkje overaska då du vart den personen som skulle a ein klasse alena. Eg veit at tidspunktet kanskje ikkje var det beste, men alikavel hoppa du i det, og fekk da til å fungera betre enn berre bra. Det er nemlig slik du er. Ikkje redd for utfordriingar, ein kjempe god eigenskap. Ja, eg ser jo her at eg skryte deg opp i skyene. Men det er konkret å velfortjent ros. Stå på! :)

Monica sa...

Eg må og berre senda deg mykje kjærleik, sjølv om det ikkje er sakleg i slik type bloggskriving ;)