Tid for utforsking!!

Då har vi endeleg runda mai, og sola begynner såvidt å varma... det lurte seg inn ei lita snøbyge idag, men den oversåg eg glatt og slengte på meg bomullssokkar istadenfor mine vanlege ullvang sokkar :) :) (eg angra visstnok på det i ettertid, og har herved bytta over igjen for den som lurer på da.... :)

Våren er lett å lika, og eg tenkte at eg skulle ta for meg ei oppramsing av kvifor våren er ein av dei beste årstidene vi har:
- Det blir varmare!!!! (ein slepper å kle på ungane og seg sjølv med eitt tonn av kle og ull)
- Det begynner å blomstra (Eg eeeeeelsker fargar, og er begynt å gleda meg over hagearbeid (eitt sikkert teikn på aldring..)
- Lamma kjem (åh så søte dei er når dei spretter rundt lykkeleg uvitande om sin kommande skjebne! Så glad for å få vera ute og dei små halane som dirrer av glede når dei får mjølk! Nei, lam er søte dyr!
- Grillen kan taes i bruk igjen (oh yes, eg elska kjøt!!! Og eg elsker å grilla...!! noko som i grunn får meg til å lura på kva vegeterianerane griller? Seigemenn?

Ah, no blei eg glad inni meg berre av tanken på kor mange varme fine mndar vi går i møte..! heile familien er glad når våren kjem, spesielt Olav er glad han får vera så masse ute!

Kvar dag når eg skal henta Olav i bhgen, så ser han meg ofta komma gåande over haugen dersom dei er ute. Då ser eg at han skynder seg å gøyma seg..han går fort vekk medan han ser bak seg heile tida for å sjå at eg ikkje ser kor han går...haha, det er så morsomt. han gjer det berre fordi han veit at når Mamma kjem å henter han så må han stort sett inn for å eta middag, og Olav vil myyyyykje heller vera ute å leika og utforska  :) dei er gode desse søte små :) elles har vi prøvd bunaden, som svigermor har strikka. Den passa bra i år og, så no er me klare for 17.mai!! Hipp hipp hurra!!!


Olav koser seg i skogen

Pappa og Olav har kvalitetstid på sjøen

Olav er lettare rysta over Pappa sin behandling av fisken :)

Olav og "kjæresten" Matti/Mathilde på sykkeltur :)

That`s it folks!

2 kommentarer:

Anne Margrethe sa...

Ahh våren er herleg!

Merkar på heile sjela at eg er meir opplagt og får lyst til å gjera meir både ute og inne. Energien er tilbake! ;o)

Forresten så grillar ikkje vegeterianarar seigmenn. Iallefall ikkje den eine vegeterianeren eg kjenner. Seigmenn er jo gelatin i, og det er visst laga av hestenegler eller noko (haha - ikkje veit eg, men det var no noko sånt).

så herlege bilder du har lagt ut! :o) Dei er fine dei to små ;o)

mariasol sa...

hahahaaa, kødder du?
Gu så morsomt, enda morsommare er da at du sit inne med denna kunnskapen :)
Ja vi har fantastiske ungar også leiker dei så fint ilag :) da er herlege tider no!! Gleda meg til meir kos på strando etc i sommar :)
puss