Eit svært kakestykke som må overvinnast,då treng ein sjølvsagt to skjeier :)
Olav og Bæane :)
Då var nasjonaldagen vel overstått, og Olav har storkost seg!
Vi fekk ein litt tung start, ettersom Olav vakna kl. 05.00, og ville ikkje sova meir, så då var da opp etter 4 timars søvn og full fart...eg brukte morgontimane til eksamenslesing, og heldigvis fekk Olav seg ein liten kvil før vi for avgårde til valen, for å sjå første tog der :) må alltid innom der og sjå Tristan og Aragon i bunadane sine og vera gode med dei før vi fere tebake te Sunde og ser på tog og kjøper oss den tradisjonelle lapskausen, isen og kakene :)
Me pleier alltid feira 17.Mai på Sunde, ettersom Mamma har bursdag den dagen og, då får vi den tradisjonelle jordbærkako, som er fantastisk god og får kost oss masse saman som familie. Eg elskar den slags kvalitetstid , spesielt ettersom vi ikkje er heima så ofta :)
Her følger litt bilder frå den store dagen :)Olav likar veldig godt å klypa pappa litt i naso
Min herlige tantunge, Aragon! Hipp hurra!
Min herlege tantunge nr 2- Tristan
Aragon og Olav driver med noko dei ikkje har lov til...hehe, dei såg seg hyppig fram og tilbake og var veldig opptatt, vi skjønte ikkje kva som var så interessant på den steinen.. heilt te dei snudde seg med våte nasetippar begge to. Det var visst ein liten dam på toppen som var utmerket å drikka litt av ;)
Olav og meg koser oss med litt kaka på slutten av dagen!
Eg må forresten avslutta med ein morosam historie.
Etter vel endt feiring skulle vi returnera til Stord ved hjelp av ferjo, og var på kaien 20 min før avgang. Etter ei natt med minimal søvn (fira timar) og ein hektisk dag så slokna vi alle tre i bilen. Vi stod nærmast fremst i ferjekøen. Plutseleg vakna vi ved eitt rykk, kva var det for ein lyd?? Eg opna augene og høyrte nok eitt høgt ul og kikka meg forvirra rundt. -Kor er alle bilane? kor er vi? ropte eg forvirra og lettare sjokkskada til Roar. Så såg eg at ferjo var jo der framme ved leiet, og alle bilane var ombord. Då tuta ho ein gong til, og vi innsåg at det var ferjemannskapet som prøvde å vekka oss!! Haha, vi holdt på å le oss i hel, og var nokså pinleg berørte, men kjørte sporenstraks ombord, og var glade vi ikkje mista ferjo ;)
Da morsommaste er at alle bilane hadde kjørt rundt oss og forbi oss, for vi stoppa jo opp heile køen med sovinga vår... :) heldigvis var det ei svensk hyggeleg dame som sa frå til mannskapet om at vi sov, så då tuta ferja litt for å vekka oss :) Og det fungerte jo fin-fint!
....men litt raude i ansiktet var vi ;)
Har du nokon gong opplevd noko liknande? eg syns nemlig vi stadig havner i dei merkeligaste situasjonar, så kanskje det berre er oss :) :)
til neste gong...
maria

3 kommentarer:
For noen hærlige bilder du viser
: D Ser at dere har stor koset dere på 17.mai ja : )
Er kjempe koselig med jenter og jeg har alltid sagt at jeg skulle ha 3 av dem ; ) Og det fikk jeg
: D !! Kan jo bli mye rosa, men heldigvis er eldste jenta mi like glad i blått som meg, så der har vi ordnet det lyseblått og hvitt ; )
Kos deg
klem Tove
har du tre jenter? ja det må være koslig, stakkar far, han er fullstendig i undertall han da :)
Såg du frustrerte fruer på tirsdag? hehe.... :)
Hei Maria! Tusen takk for fin kommentar på bloggen om barnearbeid i Tanzania. Det er noe jeg virkelig kunne tenke meg, tror kanskje det kunne gitt meg et nytt perspektiv på livet. Samtidig må jeg tenke litt på fremtidig jobb..og utdannelse i forbindelse med det. Akkurat nå er det dårlig med penger så mulig jeg må jobbe en stund før jeg kan gjøre noe som helst. Fine 17 mai bilder du hadde :) Lisa
Legg inn en kommentar