Herrejemini så fort alt går!!!


Olav i marko

Ja, tenk no er vi allerede i juni!
Eg har nokre hektiske mndar med 4 eksamenar, men idag vart endeleg den siste unnagjort! For ein lettelse! No gjenstår det berre å sjå om eg står, har eg stått på den siste så er eg utdanna lærar!
Tenk at fire år på skulebenken allerede er unnagjort! Det er heilt utruleg kor fort det går, eg hugsa når eg byrja så tenkte eg at fire år var uendeleg lenge! Når eg byrja på høgskulen så levde eg eitt bekymringslaust liv, budde for meg sjølv, festa og koste meg. Hadde verden for mine føtter :)
Fire år etter sit eg her, har truffet ein fantastisk mann som er perfekt for meg (Les: Tålmodig!!) vi har fått ein nydeleg sønn som fyller 2 i år og vi lever eitt veldig godt og sutalaust liv! Etter turen til Afrika veit eg å setja endo betre pris på det eg har her heima!
I tillegg så har eg fått tre jobbtilbud, noko som var utruleg kjekt! Eg enda opp med å ta jobben på ein ungdomsskule ein halvtime unna, og eg gleda meg veldig til å begynna i august :)
Me har og kjøpt oss hus i sist veka, så no venter oppussing, maling, og snekring...huset er berre halvferdig, og med mamma og dei si hjelp håper vi å komma oss inn før jul :)

Elles så nyter vi våren og sommaren, Olav har fått sitt første basseng (absolutt ein suksess!!) og vi har vore masse på hytto, og forhåpentligvis blir da endo fleire turar der på oss tre og saman med mine fantastiske svigers. (ja, da finnes den sorten og! ;)

Her er litt bilder frå den siste tidas utflukter :













Olav og Bestefar koser seg på hytto







      Trollunge i bøtte

Ja her var litt bilder frå vår kvardag!  Håper du nyter sommaren lika masse som oss!
Litt god`ord frå Inger Hagerup, min favorittdiktar :

I et landskap, nytt og uten minner,
står et epletre i blomst og skinner.

Epletreet dufter nyskapt sommer.

Her har tiden aldri vært. Den kommer.

-Inger Hagerup-
 
Dagens spørsmål: kva skal du gjer i sommar? Ferie? jobb? avslapping?
 
Maria

1 kommentarer:

Mona sa...

Fin blogg du har :)
Mange fine bilder :)