Slagbenken skal stå på nya kjøkkenet, og vera ungane sin sitteplass ved matbordet :) Og i oppbevaringskassen skal vi legga all post som stort sett ellers berre flyter rundt på spisebordet :) eller er "fint" samla i ein haug...hehe
Uansett, tilslutt så fann eg dei måla eg ville ha, og teikna han opp, lagde handleliste saman med min gode venn Kim, som er utdanna tømrar ;) Deretter utsatte vi det nokre veker før vi kasta oss rundt!
Vi var å handla materialer, og sagde dei til. Det var det som var det mest tidkrevande arbeidet i grunn. Heldigvis var Kim ein kløppar på det området. Han sagde på millimeteren, noko som er veldig viktig dersom ein skal lage møblar, så ikkje dei vert skeive og vipper til ei eller anna side :)
Kim sager til bein og ramme til kassen på slagbenken.
Her har vi fått til å lage den første ramma, og begynt å få litt feelingen på kor stor/liten slagbenken blir til slutt :)
Handywoman in action... :) her ser ein at kassen begynner å ta form!
Kassen til oppbevaring er komt på plass, og slagbenken nærmer seg ferdig :)
Tada-aaa!! Slagbenken er ferdigsnikra, og eg fekk kjempegod hjelp av Kim..no gjenstår berre pussing, sparkling, grunning og maling :)
Det endelege resultatet :
Etter å ha latt han stå ute til tørk i noken dagar, kunne eg stolt ta han innomhus og etter litt leiting fann eg ei hammock puta med perfekte mål til halv pris på Europris. Den skal gjera slagbenken litt meir behagelig å sitta på, men ettersom putetrekket var litt mørkt, har eg tatt med meg eitt beige stoff heim frå sydama som eg skal ha. Det trur eg blir veldig fint! :)
Slagbenken med hammock-puta i
En koselig sitteplass med god lagringsplass til postrotet vårt! :)
Neste prosjekt: sy lappeteppe for hånd (......) symaskinen er hos mamma, men den kan eg ikkje med uansett. Etter å ha kjøpt stoff til hammock puta som skal ligge på slagbenken, så fant eg masse fint knall-farga blomsterstoff til lav pris, så eg fant ut at eg skulle begynne på mitt første sy-prosjekt! bilder kjem seinare, når eg har fått komt litt lenger :)
Håper alle nyter sommaren og har lika mange kjekke prosjekt på gong som meg! Livet er hææærlig folkens!
Maria

2 kommentarer:
Heisann Maria : ) For en flott benk!!! Og så ektra gøy at den er hjemmelaget da!!! Du må signere den med "anno 2010" !! ; )
Her har vi ikke feriert enda nei...jeg begynte på jobb når mannen tok ferie...han har itillegg pappa perm helt frem til 25.oktober...! Vi skal til syden i september, så da får vi nyte familie livet i 2 uker ; ) Trengs etter denne sommeren...Hva med dere ? Alt bra? Ikke lenge igjen til du starter opp som lærer : D Blir nok spennende!!
klem Tove
Legg inn en kommentar