Ufrivillig terrengsykling og gormetmåltid beståande av mygg

For fira veker sio byrja eg treningo for alvor, eg skal prøva å få skrevet inn litt her i bloggen etter kvar treningsøkt, i tillegg skal eg få inn ei eigen sida for dikt og anna små skriblerier som er bedriv dagane med!!


Idag sykla eg den vanlega løypo mi (eg har berre sykla der to gongar før, men har bestemt at denna løypo skal bli mi fasta :D )
da var fantastisk å sykla idag, eg skulle egentlig trena på treningssenteret, men da var så fantastisk ver at eg måtte berre komma meg ut!
Her er ei kort oppsummering av turen:


- Dreiv litt ufrivilig terrengsykkel etter ei feilvurdering av stiens breidde
- spiste ein mygg, som eg og presterte å svelga (nam....)
- gløymde å ta på bakskjermen på sykkelen og hadde lyse klede på der eg sykla i halvmeter med gjørma. Ved turens ende såg eg ut som ei skitten ku bakante.


Då er dagens trimtur unnagjort! Og da føles fantastisk!! :) så einaste eg kan sei te godtfolket idag er: KOM DÅKE UT!! Og viss dåke sitter i sofaen og leser innlegget mitt no, så er dåke på feil plass no når da er så fint ver :) :)

0 kommentarer: